Meny
Lukk

Byggesaker

Saksgang og innhald i byggesøknader

Alle (privatpersonar, lag og organisasjonar, offentlege etatar) som har planar om søknadspliktige tiltak i eit av verneområda, skal sende søknad om dispensasjon til verneområdestyret, samt til den kommunen der tiltaket er planlagt.

Søknaden skal handsamast etter det strengaste regelverket først (jf. nml § 48, 3. avsnitt). Dette inneber som regel at saka først skal handsamast av verneområdestyret etter verneforskrifta, så av kommunen etter plan- og bygningslova. I byggesaker i landskapsvernområde vil plan- og bygningslova kunne ha strengare krav. I slike tilfelle vil det vere naturlig at kommunen handsamar saka først, etter samtykke med forvaltningsstyresmakta. Dette vil lette sakshandsamingstida. Ein anbefaler uansett alle søkarar å ha eit avklaringsmøte med forvaltningssekretariatet før full søknad og byggeteikningar vert laga.

Etter at søknaden er motteken i forvaltingssekretariatet, blir det sendt eit førebels svar til søkjar dersom saka ikkje kan handsamast i løpet av 3 veker.

Alle byggesøknadar skal innehalde:

namn på søker, gards og bruksnummer, at det søkes om dispensasjon frå verneføreskrifta, kort beskriving av tiltaket, grunngjeving for tiltaket, beskriving av behov for tiltaket, naudsynt dokumentasjon av tiltaket si verknad på verneverdiane, korleis transport og gjennomføring kan gjerast mest mogleg skånsamt, oversiktskart som viser plassering i landskapet, situasjonskart (ca 1:1000) som viser plassering i terrenget, byggeteikningar over plan, snitt og fasade

Søkarguide for byggesaker i SVR

Verneområdestyret har utarbeidd ein søkarguide for byggesaker i SVR. Her kan du finne informasjon om vernereglane, krav til søknaden og sakshandsamingsrutiner.

Søkarguide - Byggesaker i SVR
Søkarguide
File icon PDF