Hovden landskapsvernområde
- Offisielt namn:Hovden landskapsvernområde
- Verneform:Landskapsvernomraade
- Verna frå:-
- Areal:59 km²
-
Kommune:Bykle
- Verneforskrift
- Faktaark
Foto: SNO/Bykle
Eit vakkert naturlandskap.
Hovden landskapsvernområde ligg i Bykle kommune heilt nord i Setesdal. Verneområdet er på 59 km2 og er med dette det minste landskapsvernområdet i SVR. Hovden landskapsvernområde ligg tett på dei store hytteområda på Hovden og er eit viktig utfartsområde. I verneområdet ligg mellom anna Galten (1450 m.o.h) som er eit populært turmål. Hovden landskapsvernområde er eit av dei få fjellområda i Agder med typisk viddepreg.