Ljosådalen naturreservat
- Offisielt namn:Ljosådalen naturreservat
- Verneform:Naturreservat
- Verna frå:-
- Areal:39 km²
-
Kommune:Valle
- Verneforskrift
- Faktaark
Foto: Statsforvalteren i Agder
Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit stort og vel avgrensa skog- og heiområde som lokalt inneheld høy tetthet av gammal furu og å sikre eit særs viktig kalvingsområde for villrein i Setesdal Vesthei. Naturreservatet inneheld nesten alle skogtypar som representerer indre delar av Aust-Agder og gammal ospeskog og gamle, grove furutrer som er særs viktige for å ta vare på artsmangfaldet knytt til naturreservatet. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i best mogleg tilstand, og eventuelt utvikle dei vidare.
Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 37 903 dekar, og grenser til Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane landskapsvernområde og Hisdal naturreservat. Område strekk seg vestover på båe sider av Ljosåni innover mot Ljosåvatnet og Rjuven. Høgste toppen er Voilenuten på 1343moh. Ljosådalen naturreservat er det største naturreservatet i forvaltningsområde for SVR. Verneføremålet er knytt til ivaretaking av gamal furuskog og særs viktig kalvingsområde for villrein.