- Offisielt namn:Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde med dyrelivsfredning
- Verneform:LandskapsvernomraadeDyrelivsfredning
- Verna frå:-
- Areal:2331 km²
-
Kommunar:Sirdal,Hjelmeland,Kvinesdal,Bykle,Bygland,Åseral,Suldal,Valle,Sandnes,Hægebostad
- Verneforskrift
- Faktaark
Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde blei oppretta i 2000 som det nest største verneområdet i landet. Området er 2 385 km² og med areal i kommunane Bygland, Bykle, Valle, Hægebostad, Kvinesdal, Sirdal, Åseral og Sandnes.
Setesdal vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde er Noregs største verneområde sør for Haukelifjell. Med ei slik utstrekning finn du store variasjonar i geologi, flora og fauna. Med karrige skrinne fjelltoppar i nord på 1400 meter høgde, til lågareliggjande skogområde lengre sør i verneområdet. SVR utgjer kjerneområdet til den sørlegaste villreinstamma i Europa, og huser ein stamme på kring 3 000 dyr. I SVR finn du eit godt utbygd løypenett sommar og vinter, samt ei rekke turisthytter. Utbygging av vasskraft har satt sitt preg på verneområdet. Lik du urørt natur er det likevel mange plassar heiane ligg slik det har gjort sidan siste istid.